web analytics

Fem dikt av Olav H. Hauge

 

Olav H. Hauge | FEM DIKT

I DAG SÅG EG

I dag såg eg
tvo månar,
ein ny
og ein gamal.
Eg har stor tru på nymånen.
Men det er vel den gamle.

Dropar i austavind (1966)

 

SLEGGJA

Eg er berre
ei sleggje.
Eg stend her no.
Eg lyt berre til
når det røyner på.

Dropar i austavind (1966)

 

DET ER DEN DRAUMEN

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Dropar i austavind (1966)

 

KATTEN

Katten sit i tunet 
når du kjem.
Snakk litt med katten,
det er han som er varast i garden.

Dropar i austavind (1966)

 

DIN VEG

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.

Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.

Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.

Under bergfallet (1951)

 

Diktene er fra samlingene:

Olav H. Hauge | Under bergfalllet | Noregs Boklag, Oslo, 1951, 73 s
Olav H. Hauge | Dropar i austavind | Noregs Boklag, Oslo, 1966, 80 s


Olav H. Hauge ble født i Ulvik i Hardanger, på gården Hakestad. Der bodde han hele livet. Hauge mottok en rekke priser, blant flere andre Kritikerprisen (1961) for På ørnetuva, Doblougprisen (1969), Sunnmørsprisen (1971) for Spør vinden, Aschehougprisen (1978), og Nynorsk barnelitteraturpris (1983) for Regnbogane (med Wenche Øyen)

. Hauge debuterte i 1946 med samlingen Glør i oska, en samling dikt i tradisjonell form. Både konkret og som symbolgiver figurerer naturen sterkt i Hauges diktning. Hans dype tilknytning til Hardanger er tydelig merkbart i Hauges forfatterskap.

Olav H. Hauge blir betraktet som en av de viktigste norske lyrikerne innenfor den modernistiske tradisjonen på 1900-tallet.


Illustrasjon: Olav H. Hauge (1908-1994) tegnet av Andreas Vartdal

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *